Anne Johanne Okstad Østerås ga i 2020 ut boka Lavva lavva lo. Dette er ei samling av songleikar, bånsullar, regler, bønner, songar, inne-og uteleikar frå Namdalen. Det var søstera, Jorun Kristin Okstad Løkholm, som samla tradisjonsstoffet på 70 og 80-talet. Ho tykte det var viktig å dokumentere tradisjonsstoff som heldt på å gå i gløymeboka, og drog difor rundt til eldre folk med skriveblokk og kassettopptakar. Det meste av innsamlinga vart gjort på Høylandet og Overhalla, men også andre stader i Namdalen. Mykje av stoffet, med litt annleis ordlyd og melodiar, finn vi igjen over heile Namdalen, og delvis også andre stader i landet. Dette er stoff som er munnleg overlevert gjennom generasjonar, og det endra seg og vart tilpassa der det vart brukt.
Anne Johanne er pensjonert lærer som opprinnelig er hålling, men bor på Gartland i Grong!
Arrangør: Den kulturelle spaserstokken i Røyrvik kommune og Frivilligsentralen.