AVLYST! - Eg er vinden

AVLYST!!

Dato
28. oktober 2021
Tid
19:00 - 20:15
Sted
Røyrvik samfunnshus

 

To nære venner. Dei har delt opplevingar og erkjenningar, ledd saman og vore der for kvarandre så lenge dei kan hugse. Plutseleg vel den eine å avslutte livet.

Når framsyninga startar er dei i ein båt ute på havet, der dei kjempar for å forstå kvarandre og for å skape meining. Kvifor ser dei så ulikt på verda, dei som eingong var så like? Og korleis kan dei setje ord på noko dei ikkje forstår?

Mange blir råka når ein person tek livet sitt, men dette er vanskeleg å snakke om. Samstundes treng vi eit språk for å setje ord på det vi ikkje kan fatte.

Med denne framsyninga vil vi få fram og romme ein vanskeleg og samansett tematikk frå teaterscena. Eg er vinden tek oss med på ei meiningsfylt reise gjennom vennskap og glede som blir fletta i kvarandre, slik livet sjølv faldar seg ut i greiner av hendingar. Det gjev håp og styrke til å setje ord på det uforståelege.

Jon Fosse er ein av dei viktigaste forfattarane i vår tid. Teaterstykka hans er omsett til over 30 språk og blir spela over heile verda.

Det heiter at det til ei kvar tid er nokon som arbeider med eit teaterstykke av Jon Fosse. Akkurat no skjer det på Turnéteatret i Trøndelag.

Samarbeid med LEVE i Nord-Trøndelag

Sjølvmord er eit av samfunnets siste tabu. Tala på sjølvmord er høge i Noreg, og dei aukar. Eit sjølvmord råkar både individ og samfunn og det er nødvendig å kaste lys over sjølvmord frå fleire perspektiv. Derfor arbeider vi saman med LEVE i Nord-Trøndelag, landsforeningen for etterlatte etter selvmord, for å tilby publikum ein refleksjon omkring sjølvmord før alle framsyningane av Eg er vinden. Arrangementet starter 45 minutter før framsyninga, i foajeen.

Arrangør

Røyrvik kommune

Kontakt

Jorunn Vollmo